Landbruks- og matdepartementet

WTO: Frankrike ynskjer Noreg med på regulering av verdsmarknadsprisar

Pressemelding   •   des 03, 2009 09:07 CET

WTO: - Vi ynskjer at Noreg skal vere med på eit initiativ om å regulere verdsmarknadsprisane. Vi kan ikkje leve med dei ustabile prisane vi har sett siste åra på verdsmarknaden. Vi treng meir regulering av marknaden. Det sa den franske landbruksministeren, Bruno Le Maire, til landbruks- og matminister Lars Peder Brekk  i forbindelse med WTO.

Dei to ministrane møttes i samband med WTOs ministerkonferanse i Geneve. Frankrike er svært oppteken av siste års matpriskrise, og meiner det må ei internasjonal regulering til for å stabilisere prisane på verdsmarknaden for landbruksvarer.  Dette er nødvendig for å sikre mattilgangen,  særleg i land i Sør, meiner Le Maire.

Ustabile marknader
Også Frankrike har opplevd ustabile marknader siste åra, særleg for mjølk. Prisen på mjølk til produsent er nærast halvert siste åra i Frankrike. Den franske ministeren støtta  Brekks resonnement om at kvart land må ha moglegheit til å produsere mat til eige folk – Eitkvart land treng ein eigen matproduksjon for å vere uavhengig, sa le Maire.  Brekk sa han var open for det franske initiativet, og gjerne vil ta det opp i framtidige møte med den franske landbruksministeren.