Gå videre til innhold
Muaikalen Lazarus med David Bowies musikk er vårens store musikalske satsing på Hovudscenen. Foto: Gavin Evans.
Muaikalen Lazarus med David Bowies musikk er vårens store musikalske satsing på Hovudscenen. Foto: Gavin Evans.

Pressemelding -

Våren 2019 på Det Norske Teatret

I dag legg teatersjef Erik Ulfsby fram repertoaret for våren 2019. Mellom elleve nye framsyningar, er det fire noregspremierar og fem urpremierar. – Eit stort repertoar med samtidsteater i ulike format på fire scener.

KLIKK HER FOR HEILE REPERTOARET

LIVE STREAM

I kveld kl. 18.00 sender Det Norske Teatret live på vår Facebookside frå Scene 2 på Det Norske Teatret med teatersjef Erik Ulfsby som programvert og fleire aktuelle gjestar for vårens repertoar i studio. Då vil òg haustens musikalgodbit bli pakka ut. Det er også mogleg å få med seg programmet live på scenen, dersom ein ønskjer seg det.

EIT SISTE STJERNESTØV FRÅ BOWIE

På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Black Star, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen Lazarus, som hadde premiere i New York knappe to månadar før popikonet gjekk bort. Med Lazarus spenner han ein boge frå Black Star tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth, der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976. Med Lazarus held Det Norske Teatret fram med å ta musikk inn i scenerommet. Eit rom som tidlegare har vore fylt med blant andre Tom Waits, The Smiths, Brecht/Weill, Stein Torleif Bjella, Don Martin og Castro-brørne.
- Vi leitar etter det som gir friksjon både musikalsk og innhaldsmessig, og med Lazarus trur eg at kreftene til teateret verkeleg kan løfte materialet til noko som blir veldig tøft, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Men før Bowie inntek Hovudscena har Oslo, ei teaterframsyinga om Oslo-prosessen i 1993, premiere. Handlinga går bak ein av dei store og meir omdiskuterte fredsforhandlingane som nordmenn var med å fasilitere, og er ikkje fri for humor sjølv for eit alvorleg og politisk betent bakteppe.

TANTE ULRIKKES VEI TIL ROMMEN SCENE 

Våren 2019 får Det Norske Teatret ei satellittscene på Rommen Scene. Satsinga handlar ifølge teatersjef Erik Ulfsby om å ta historia vår på alvor. Noreg er i endring, og Oslo er byen som endrar seg raskast av alle. Nye forteljingar, ny estetikk og nye stemmer skal løftast fram, og først ut er Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar.

- Vi ønsker å lytte til dei som bur i Groruddalen og går inn i eit samarbeid som vi trur vi kan dra vekslar på til glede for eit større og meir mangfaldig publikum, i tillegg til at vi faktisk treng meir plass – alle scenane våre nærast er fulle, seier teatersjef Ulfsby. Prosjektet er støtta av Oslo Kommune, Bydel Stovner, OBOS og Kulturdepartementet. Dagleg leiar ved Rommen Kultursenter gler seg også over samarbeidet med Det Norske Teatret: - Vi på Rommen Kultursenter synest det er storarta at dei satsar på og med oss her i Groruddalen, legg han til.

RELEVANT SAMTIDSTEATER PÅ ALLE SCENAR

- Vi satsar tungt på relevant samtidsteater i ulike format på alle scenane våre, seier teatersjef Erik Ulfsby, og byr på ny norsk, svensk, fransk eller amerikansk dramatikk, dramatiseringar av populære romanar og nye forteljingar i samarbeid med spennande regissørar. 

Ta kontakt dersom du ønskjer billettar til sesongpresentasjonen på Scene 2 i kveld.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge