Pressemelding -

Førdefestivalen - ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017

Førdefestivalen er kåra til ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017. Prisen vart delt ut på bransjemessa FOLKELARM som gjekk av stabelen i Oslo helga 16.-19. november.

Direktør Hilde Bjørkum er svært glad for å motta arrangørprisen. -Det er mange dyktige folkemusikkarrangørar der ute, kvar med ulike kvalitetar. At Førdefestivalen denne gongen gjekk heilt til topps i kåringa, er vi sjølvsagt svært fornøgde med, og ikkje minst stolte over. Vi jobbar hardt kvart år for å formidle folkemusikk ikkje berre frå Norge og Norden, men også frå heile resten av verda. Eg her heldig og har ein dyktig stab som legg tilhøve til rette for å gje alle dei beste opplevingane, men denne prisen må vi i tillegg dele med alle våre frivillige, gode støttespelarar gjennom mange år, eit lojalt og interessert publikum - og ikkje minst alle dei dyktige musikarane vi er så heldige å få presentere i Førde!

Om prisen

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. Dei tre nominert i år var:
Førdefestivalen
Heme dine
Storefjelltreffen

Kriterium for årets utvelging var:
FolkOrg vil gje prisen for årets folkemusikkarrangør 2017 til ein arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken, gjennom gode arrangement.

Tidlegare vinnarar av prisen er:
2016: Valdres folkemusikkarrangement
2015: Naustedalen spelemannslag
2014: Kalottspel
2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • world music
  • verdsmusikk
  • verdensmusikk
  • sogn og fjordane
  • førde
  • musikkfestival
  • folkemusikk
  • folkorg
  • folkelarm
  • førdefestivalen

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27