Pressemelding -

Kleven skal bygge slaktebåt for DESS Aqua

Kleven har inngått kontrakt med DESS Aqua, eit joint venture-selskap eigd av Marine Harvest og Deep Sea Supply, om bygging av eit fartøy for slakting og transport av laks frå oppdrettsanlegg til prosesseringsanlegg.

Fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft i mars 2018, og er av SALT 425 FHV-design frå Salt Ship Design. Kontrakten inneheld også opsjon på eit fartøy til.

- Det er mykje spennande utviklingsarbeid som skjer innan oppdrettsnæringa, og dette er ein marknad vi ønskjer å vere i, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

- Slaktebåt er ein ny fartøytype for oss, og vi ser fram til eit nært og godt samarbeid med reiarlag, designselskap og utstyrsleverandørar på dette prosjektet. Fartøyet passar godt inn i vår profil og byggeprogrammet på Myklebust Verft, seier Rasmussen.

I tillegg til denne slaktebåten har Myklebust Verft fem fiskefartøy til ulike internasjonale eigarar og to brønnbåtar til Sølvtrans i ordreboka.

Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • myklebust verft
  • havbruk
  • kontrakter
  • skipsbyggingskontrakt

Regions

  • Møre og Romsdal

Om Kleven

Kleven er landets største norskeigde skipsbyggingskonsern. Konsernet byggjer og utrustar store og teknologisk avanserte offshorefartøy og andre typar fartøy for norske og internasjonale kundar. Kleven har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, og går med dette mot straumen i norsk skipsbygging. Konsernet har to verft: Kleven Verft AS i Ulsteinvik og Myklebust Verft AS i Gursken i Sande kommune.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20