Pressemelding -

Overlevering av eit fiskefartøy i særklasse

Kleven Verft har i dag levert byggnr. 394 til det danske reiarlaget Gitte Henning AS. «Gitte Henning» er ein kombinert trålar/snurpar med RSW-tankar for nedkjøling og lagring av fangsten, og er det største pelagiske fiskefartøyet i sitt slag. Fartøyet er også svært påkosta interiørmessig og held ein høg standard i forhold til kva ein ser elles i fiskeflåten.

«Gitte Henning» forlèt Kleven Verft i morgon og går sørover til Danmark. Laurdag ventar dåpsgjestar og publikum i Skagen, der reiarlaget arrangerer dåp og open båt ved Toldpier i Skagen Hamn.

Fartøyet er av typen SALT 0155, og er utvikla i nært samarbeid mellom reiar, designer Salt Ship Design AS og Kleven. «Gitte Henning» har ei lengde på heile 90,5 meter og ei breidde på 17,5 meter, med mykje utstyr frå norske leverandørar om bord, blant anna frå Scana Volda, Brattvåg Electro, MMC, Brunvoll, Mare Safety, Karmøy Winch, Rolls-Royce og Sperre.

Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • kleven verft
  • levering
  • trålar/snurpar
  • pelagisk
  • fiskefartøy

Regions

  • Møre og Romsdal

Klevenkonsernet leverer store og teknologisk avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar. Kleven har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, og går med dette mot straumen i norsk skipsbygging. Konsernet har to verft: Kleven Verft AS i Ulsteinvik og Myklebust Verft AS i Gursken i Sande kommune.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20