Pressemelding -
Overlevering og dåp for første fartøy i Maersk-serien
Kleven Verft har i dag levert byggnr. 382 til Maersk Supply Service. Dette er første fartøy i ein serie på seks ankerhandteringsfartøy som Kleven har under bygging for Maersk.
Fartøyet blei døypt på kaia ved Kleven Verft i ettermiddag, og fekk namnet Mærsk Master av gudmor Gitte Jacobsen.
Maersk er eit av verdas største reiarlag, og dei seks fartøya frå Kleven inngår i selskapet sin flåtefornying. Det 95 meter lange ankerhandteringsfartøyet er av SALT 200-AHTS-design frå Salt Ship Design, og er eit svært kraftfullt fartøy. Fartøyet er bygd for ankerhandtering på store djup.
Emner
- Industri, produksjon
Kategorier
- salt 200-ahts
- maersk supply service
- levering
- kleven verft
Regions
- Møre og Romsdal
Kleven er landets største norskeigde skipsbyggingskonsern. Konsernet leverer store og teknologisk avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar. Kleven har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, og går med dette mot straumen i norsk skipsbygging. Konsernet har to verft: Kleven Verft AS i Ulsteinvik og Myklebust Verft AS i Gursken i Sande kommune.