Pressemelding -

Stipend frå Norsk kulturminnefond

For tredje året på rad, lyser styret i Norsk kulturminnefond ut to stipend i 2016, eit handverksstipend og eit formidlingsstipend.

Begge stipenda er på 50.000 kroner, og vedtak om tildeling vert gjort av styret i Kulturminnefondet etter nominasjonar frå publikum.

Handverksstipend

Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har synt evne til målretta arbeid over tid. Stipendet vil bli tildelt ein ung, engasjert, lærevillig og fagleg solid handverkar som også er interessert i å læra bort.

Stipendet vart i 2014 tildelt Ove Grytbak fra Røros, og i 2015 Hans Andreas Haraldsen Lien fra Gjøvik.

Formidlingsstipend

Formålet med stipendet er å bidra til å auka merksemda på kulturminnevern i Noreg. Stipendet skal nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Den som mottek stipendet må kunne begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Stipendet vart i 2014 tildelt Else ”Sprossa” Rønnevig og i 2015 Handverksfabrikken i Gyland ved Erik Alfred Tesaker.

Den som ynskjer å foreslå kandidatar til stipenda kan sende forslag til Kulturminnefondet ved direktør Simen Bjørgen innan 10. januar 2016, på e-post simen.bjorgen@kulturminnefondet.no. Forslag kan også sendast i vanleg post til: Norsk kulturminnefond, ved Simen Bjørgen,Bergmannsgata 17, 7374 Røros

Emner

  • Arkitektur

Kategorier

  • restaurering
  • restaureringsprosjekt
  • verdiskaping
  • stipend
  • kulturminne
  • kulturminnefondet
  • kulturminner

Norsk kulturminnefond er et statlig forvaltningsorgan med formål om å styrke arbeidet med, og bevare verneverdige og fredete kulturminner, og er et lavterskeltilbud til private eiere av verneverdige kulturminner. 

Kulturminnefondet skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Siden oppstarten i 2003, har Kulturminnefondet delt ut nærmere 500 millioner kroner i tilskudd til bevaring av verneverdige kulturminner i Norge.

Kontakter

Simen Bjørgen

Direktør 90032750