Nyhet

Lov har gjort gambling litt vanskelegare

Forbodet mot å formidle betaling til utanlandske pengepselselskap har vore mindre effektivt enn det som var målet. Likevel er tilgangen til pengespel utan norsk løyve blitt litt vanskelegare,  går det fram av ein rapport som Lotteritilsynet har utarbeidd for Kulturdepartementet.

Målet var å redusere
Forbodet mot å overføre pengar til utanlandske speleselskap vart innført frå 1. juni 2010. Målet var å bidra til redusert tilgjenge på pengespel som det ikkje er lov å tilby her i landet.  Lotteritilsynet har følgt utviklinga, og det viser seg at mange speleselskap har tilbod om tredjepartsløysingar der mange spelarar ikkje opplever anna enn ei direkte pengeoverføring frå seg til speleselskapet.

Nokre avslutta sine tilbod
- Lotteritilsynet konkluderer med at forbodet mot betalingsformidling vil kunne ha ein viss effekt på rekrutteringa av nye spelarar, og det har ført til at ein del utanlandske speleselskap ikkje lenger tilbyr pengespel retta mot norske kundar, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

- Likevel viser Lotteritilsynet sine estimat for 2011 at talet på nordmenn som spelar på utanlandske nettstader er stabilt. Lotteritilsynet reknar med at nordmenn satsa om lag like mykje i den uregulerte pengespelmarknaden i  i 2011 som året før – det vil seie ca fem milliardar kroner, seier Atle Hamar.

Framlegg til tiltak
Lotteritilsynet meiner Kulturdepartementet bør vurdere å effektivisere forbodet mot betalingsformidling. Blant anna blir følgjande tiltak føreslegne:

  • tettare samarbeid med banknæringa
  • tilgang til Valutaregisteret
  • avvisning av transaksjonar på spelselskapets namn
  • rapporteringsplikt for bankane

Rapport betalingsformidlingsforbodet

Emner

  • Økonomi, finans

Kontakter