Pressemelding -

Desse fekk bingoinntekter i 2011

Viking Fotballklubb hadde vel 3,4 millionar kroner i bingoinntekter i fjor. Klubben i Stavanger toppar dermed statistikken over bingoinntekter her i landet i 2011.

Dette går fram av statistikk over bingoinntnekter frå entreprenør i 2011. Statistikken er no tilgjengeleg på Lotteritilsynets nettsider.

- Her kan både publikum og media i rekneark søke og sortere slik at dei kan lage sin eigen lokale statistikk, seier seniorrådgjevar Tore Bell i Lotteritilsynet.

5,7 milliardar kroner brutto
Norge har ca 230 bingohallar, og brutto omsetning i bingohallar med entreprenør kom i fjor opp i vel 5,5 milliardar kroner. Av dette gjekk 352 millionar kroner til fordeling blant nesten 3000 lotteriverdige lag og organisasjonar.

- Aldri før har den frivillige sektoren her i landet fått større inntekter frå bingo enn i 2011, sier Tore Bell.

Lotteritilsynet gjer merksam på at det i statistikken kan vere ei og anna feilkjelde. Dessutan kan eit lag eller ein organisasjon ha inntekter frå fleire bingoløyve og hallar. Det gjeld til dømes Viking Fotballklubb som har inntekter frå to bingohallar, og det gjeld også Redningsselskapet som er nummer to på statistikken.

Sju over millionen
Statistikken viser at det var sju lag eller sentrale organisasjonar som mottok over ein million kroner i bingoinntekter. Lista over dei 10 som fekk mest ser slik ut:

  1. Viking Fotballklubb…………....      3.431.787 kroner
  2. Redningsselskapet……………...   2.210.622   “
  3. Kolbotn Idrettslag……………...      1.419.921    “
  4. Norges Handikapforbund….......... 1.081.720    “
  5. Norges Skiforbund……………..   .  1.080.285   “
  6. Norges Handikapforb. Øst…......... 1.042.110    “     
  7. Norges Handikapforb. Sørvest…...1.003.486    “
  8. Foreningen for brystopererte..........  785.424    “
  9. Margen…………………………......... 785.424     “
  10. Drammen Flyklubb……………......... 785.424   “

Related links

Emner

  • Offentlig sektor

Kategorier

  • bingo
  • pengespill
  • lotteritilsynet
  • bingoinntekter

Kontakter

Rune Timberlid

Pressekontakt seniorrådgjevar +47 992 84 305

Atle Hamar

Pressekontakt direktør 57 82 80 01

Anne-Mette Hjelle

Pressekontakt kommunikasjonsdirektør Leiar for avdeling for Samfunnskontakt 57 82 80 30 Lotteri- og stiftelsestilsynet