Pressemelding —
Rekorddeltaking under NM i friidrett
Heile 376 deltakarar har meldt seg på NM i friidrett, som går av stabelen på Byrkjelo 12. - 14. august. - Det har aldri vore så mange kvalifiserte før, seier seier leiar i statistikk og rekordutvalet i Friidrettsforbundet, Jo Nesse.
Han har følgt norsk friidrett tett dei siste 25 åra, og kan ikkje hugse eit så så høgt deltakartal. - I fjor under NM i Sandnes sette dei ny rekord. Likevel er det nesten 100 fleire påmelde til årets NM på Byrkjelo. Det er utruleg bra, og syner at norsk friidrett er inne i ei positiv bølgje.
I følgje Nesse er det fleire årsaker til auken. Det er mange, og gode utøvarar som er fødde i 1992 og 1994, og no er dei så gamle at dei også kan delta på NM for seniorar. Samstundes er det større breidde i øvingane, spesielt på mellom- og langdistanse. - Generelt er folk blitt meir opptekne av og interesserte i å spring, og då er det naturlegvis også fleire som blir flinke til å springe fort. Det syner seg spesielt godt på herresida, seier Nesse.
Stjernespekka program
Av dei mange deltakarane finn vi også dei største stjernene innan norsk friidrett for tida. For desse blir det siste gjennomkøyring før VM i Daegu i Sør-Korea. Regjerande olympisk mester frå Beijing, er klar, og kan ta sitt sjette NM-gull. Banerekorden på Byrkjelo stadion er 80,06, så Thorkildsen burde også ha gode sjansar til å slå den.
Ezinne Okparaebo stiller også til start, og kan jakte på sin sjuande gullmedalje på 100 meter. Jaysuma Saidy Ndure, som i år vart første nordmann til å springe 100 meter på under 10 sekund, kan også jakte nye rekordar under Noregsmeisterskapen. Hekkeløparen Christina Vukicevic slit med ein skade, men skal vere godt håp for at ho stiller til start på 100 meter hekk.
Siste sjansen
Noregsmeisterskapen på Byrkjelo blir også siste sjanse for dei utøvarane som ynskjer å kvalifisere seg til VM i Daegu i Sør-Korea. Sindre Buraas, Sondre Nordstad Moen (5000 meter), Catrine Larsåsen (stav), Mona Holm (slegge), Margrethe Renstrøm (lengde), er av dei som etter friidrettsfesten på Byrkjelo kan sitte med VM-billett i handa.
- Vi har store forventingar til stemnet. Det skjer mykje positivt i norsk friidrett no, og vi håpar sjølvsagt at dette vil gje utslag i gode resultat under NM. Med godt ver og god stemning på tribuna, ligg alt til rette for at det også blir eit par nye norske rekordar, trur leiar i hovudkomiteen for stemnet, Rolf Kjetil Egge.
Sjå også http://byrkjelo2011.no/ for oppdatert informasjon
Emner
- Kunst, kultur, underholdning
Kategorier
- nm
- friidrettsforbundet
Norges Friidrettsforbund organiserer friidrett innen landets grenser og er medlem av friidrettens internasjonale organer, International Association of Athletics Federations (IAAF) og European Athletics (EA). Norges Fri-drettsforbund er medlem av Norges Idrettsforbund og Olympiske og Paralympiske komité.
Norges Friidrettsforbund er stiftet 1. mai 1896 og består av 19 friidrettskretser med grenser overensstemmende med våre fylker. Over 800 idrettslag med 66000 medlemmer er medlem i Norges Fri-idrettsforbund.