Gå videre til innhold
Den raudhåra og viljesterke Annie gler seg til å komme tilOperahuset nordfjord 23. - 25. november.
Den raudhåra og viljesterke Annie gler seg til å komme tilOperahuset nordfjord 23. - 25. november.

Pressemelding -

Opera Nordfjord inviterer til ANNIE-audition

Annie skal i utgangspunktet spelast av ei jente på 10-12 år, men operaen vil også vurderer jenter i ungdomsskulen, om dei ikkje er for høge av vekst. Ein treng elles unge jenter frå 16-30 til nokre av rollene. I tillegg til alle dei syngande jentene har Annie flotte vaksenroller både for kvinner og menn. Nokre av dei er syngeroller med litt dans, andre er taleroller. Opera Nordfjord ønskjer alle songar- og skodespelartalent frå heile Nordfjord velkomne til audition laurdag 5. mai i Valhall.

Emner

Kategorier

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge