Gå videre til innhold
Jubilant: Kundesenteret på Jernbanetorget fyller 30 år. Mens det gamle kundesenteret oppgraderast finner du kundesenteret i nytt lokale ved Oslo S. Foto: Bonanza/Ruter
Jubilant: Kundesenteret på Jernbanetorget fyller 30 år. Mens det gamle kundesenteret oppgraderast finner du kundesenteret i nytt lokale ved Oslo S. Foto: Bonanza/Ruter

Pressemelding -

​Kundesenteret på Jernbanetorget 30 år

Den 20. januar 2018 er det 30 år sidan Servicesenteret for kollektivtrafikken opna på Jernbanetorget i Oslo.

Året var 1988 og namnet var Trafikanten. Før etablering av senteret var det eit mindre billettsal samt opplysingskontor lokalisert i Kirkeristen – dagens Cafe Bacchus. Lokalet i Kirkeristen vart etter kvart lite eigna til å takle den store kundepågangen og dei store aktørane i kollektivtrafikken den gongen gjekk saman om å etablere eit nytt selskap i nye lokale under tårnet på Jernbanetorget.

Kø: Fornying av månadskort skapte store køer ved slutten av kvar månad fordi korta gjaldt for ein kalendermånad. Foto: Arne Danielsen.

Opning av servicesenteret vart ein suksess frå første stund. Pågangen nådde seinare sin absolutte topp med 140 000 fysiske besøk på ein månad. I tillegg til at kundebehandlarane fekk ein langt betre arbeidsplass, vart også rammene for kundeoppleving markant oppgradert. Bransjen fokuserte no på service! Oppgåvene til senteret var i hovudsak reiseinformasjon, billettsal og tilgrensande serviceoppgåver. I tillegg til det store skrankeområdet med kaffebar, var det ringesenter og romsleg møtelokale i bygget.


Utfordringar: I utgangspunktet fekk arkitekten ei hard nøtt å knekke med råbygget som var plassert under drosjehaldeplassen ved Oslo S. Foto: Trafikanten

Lokalet hadde svært lite naturleg dagslys. Arkitekt Jürgen Kiehl greidde likevel å omskape ein mørk «bunker» til eit attraktivt senter med kreativ bruk av lys, speil i himlingar, element av stål og bøk i sirklar og runde former.

Ruter og Trafikanten fusjonerte i 2014 og Servicesenteret fekk namnet Ruters kundesenter. Kundesenteret vart i desember 2017 inntil vidare flytta til Oslo S på grunn av vasslekkasjar. Senteret blir no renovert.

Emner

Kategorier



---------------------------------------

Ruter As er et felles administrasjonsselskap for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus. Vi administrerer over halvparten av kollektivtrafikken i Norge. Vår rolle er å planlegge, utvikle, samordne, bestille, markedsføre og informere om kollektivtrafikktilbudet. All operativ drift utføres av ulike operatørselskap som kjører på kontrakt for Ruter - alt innenfor samme billett- og prissystem. Våre eiere er Oslo kommune (60 %) og Akershus fylkeskommune (40 %). Totalt var det 350 millioner påstigninger i Oslo og Akershus i 2016. Sammen med våre operatører og samarbeidspartnere gjør vi kollektivtrafikken til et naturlig førstevalg i Oslo og Akershus.

Kontakter

Pressevakt

Pressevakt

Pressekontakt 400 01 518

Velkommen til Ruter AS!

Ruter er et felles administrasjonsselskap for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus.

Ruter AS
Dronningens g. 40
1030 Sentrum Oslo
Norge