Pressemeldinger

Ny ungdomsbok frå Sunniva Relling Berg, "Beina i gitaren"

14-06-2013 09:00 Sunniva Relling Berg som vart Brageprisnominert for si første ungdomsbok, "Utfor", følgjer no opp med ein ny ungdomsroman, "Beina i gitaren".

Doblougprisen 2013 til Karin Moe

29-05-2013 14:52 Karin Moe som er aktuell med den nye romanen "Virkeligheten" fekk i går kveld Doblougprisen 2013 under opninga av Litteraturfestivalen på Lillehammer.

Doblougprisen til Karin Moe

29-05-2013 14:32 Karin Moe som er aktuell med den nye romanen "Virkeligheten" fekk i går kveld Doblougprisen 2013 under opninga av Litteraturfestivalen på Lillehammer.

Aina Basso nominert til Nordisk råds barnebokpris

29-05-2013 13:55 Aina Basso er nominert til Nordisk råds barnebokpris for "Inn i elden", ei historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe.

Alf Helleviks mediemålpris 2013 til Håkon Haugsbø

29-04-2013 10:53 NRK-journalist Haugsbø får prisen for ein konsekvent, stringent og presis bruk av nynorsk

Arrangement om Fredrikke Marie Qvam på Litteraturhuset i Oslo 2.5.

29-04-2013 10:28 Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Forfattaren bak den nye biografien om Qvam, Magnhild Folkvord held føredrag på Litteraturhuset i Oslo (Kjellaren) 2.5. kl 19. Velkomen!

Nynorsk barnelitteraturpris til Anna R. Folkestad for boka "Unni og Gunni reiser"

19-04-2013 11:13 Nynorsk barnelitteraturpris 2012 vert tildelt Anna R. Folkestad for boka "Unni og Gunni reiser". Prisen er på 30 000 kroner og vert delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag i dag.

Lansering av biografi om stemmerettsforkjempar Fredrikke Marie Qvam 24.4.

16-04-2013 10:06 Magnhild Folkvord har skrive biografi om Fredrikke Marie Qvam, ein av dei leiande strategane for kvinneleg stemmerett.

Ny roman frå Sigrid Merethe Hanssen, "Sofia"

16-04-2013 09:43 Sigrid Merethe Hanssen har skrive kritikarroste noveller og ei barnebok. No er ho klar med sin første roman. "Sofia" handlar om flukt på ulike plan, om galskap og om grensene mellom fiksjon og verkelegheit.

NYE BØKER FRÅ SAMLAGET I APRIL OG MAI

10-04-2013 11:31 Vårsesongens siste bøker frå Samlaget: Patti Smiths minnebok "Sanka ull", nye romanar frå Karin Moe og Sigrid Merethe Hanssen, biografi om stemmerettsforkjemparen Fredrikke Marie Qvam, jubileumsbok om BUL, ny ungdomsbok frå Sunniva Relling Berg, ny gjendikting av "Sonettane til Orfeus" og Kristin Fridtun viser kor morosamt og enkelt nynorsk kan vere i "Nynorsk for dummies."