Gå videre til innhold
Annlaug Selstø debuterer med romanen "Vera ein annan stad"

Pressemelding -

Annlaug Selstø debuterer med romanen "Vera ein annan stad"

Om å reise langt bort for å akseptere noko nært

Does your country have a food-drop-zone? spør Bol. Eg ser på han for å sjå om han tullar. Bol som ofte snakkar om alt han høyrer på BBC, om Obama og Merkel og Putin og Netanyahu. Han veit visst ingenting om mitt liv heime. No, svarar eg tamt. So where do you get your food from then, spør Bol. At the grocery store, svarar eg.

Vilde er sjukepleiar og på veg ut i bushen ein stad i Afrika for å jobba med underernærte born. Der møter ho lokale kollegaer som ho arbeider tett saman med. Med i bagasjen har ho gode intensjonar. Og ei fersk kjærleikssorg.

Vera ein annan stad er ei sterk og truverdig skildring av kvardagen i leiren, av vennskapa som oppstår, og samarbeidet på klinikken, og av det å komme som privilegert arbeidar til ein stad som ligg langt frå vår eiga verd.

Annlaug Selstø (f. 1980) har gått på forfattar- studiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule, og har bidratt til fleire tekstantologiar. Vera ein annan stad er hennar første roman.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO