Pressemelding -
Asbjørn Rydland med ny fantasyserie
Første bok i spennande fantasyserie om dataspelaren Eirik
Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet. Korleis har dette skjedd, og kvifor finn Eirik det same symbolet i dataspelet han og kompisen Khalid speler?
Vegandi-serien er eit medrivande univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar. I denne første boka blir Eirik kasta ut i ei verd som er mykje større, farlegare og meir forvirrande enn han aner, og han blir sett på harde prøvar både i si eiga verd og parallellverda dataspelet fører han inn i.
Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.