Gå videre til innhold
Astrid Sverresdotter Dypvik med sterke historier frå den delte byen

Pressemelding -

Astrid Sverresdotter Dypvik med sterke historier frå den delte byen

Kald krig i den delte byen

I 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to, i eit kapitalistisk Vest-Tyskland og eit kommunistisk Aust-Tyskland. Berlin blei liggjande inne i Aust-Tyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei byen fysisk delt av den 45 kilometer lange Berlinmuren. Berlin blei ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989.

Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då Berlin låg i skvis mellom supermaktene. Ho har valt historier som går rett inn i dei mest brennbare konfliktane. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot. Mange historier handlar om å byte side.

- Det mange av dei eg intervjua har til felles, er at dei ikkje var heilt komfortable med det samfunnet dei levde i. Eg møtte mellom anna ein avhoppar frå DDRs spionteneste, og eg fekk også intervjua ein amerikanar som valde å spionere for DDRs etteretning, fortel Sverresdotter Dypvik. 

I Berlinhistorier møter vi blant andre Hartmut Richter, som ei augustnatt i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og seinare blei menneskesmuglar eller flukthjelpar. Vi møter Peter Brandt, sonen til Willy Brandt, som deltok i det vesttyske 68-opprøret, og vi råkøyrer med Werner Stiller, i dag Peter Fischer, eks-Stasi-agent som ei tid var mellom dei mest ettersøkte i DDR. 

Dette er historia om den kalde krigen i Berlin fortald gjennom einskildmenneske.

Boka har lanseringsdato 1. mars.

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. I dag er ho tilsett i Nationen, men ho har tidlegare arbeidd i både Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO