Gå videre til innhold
Brennaktuelt om gatefolk frå Romania

Pressemelding -

Brennaktuelt om gatefolk frå Romania

I fem år budde Åsne Valland Nordli i Constanta i Romania. I boka "Mine minste" gir ho oss eit unikt innblikk i ein kultur som dei færraste har kjennskap til. 

Dei sit i gatene, står utanfor matbutikken og møter deg med ein skramlande kopp og ei bønn om hjelp. Tiggarar frå Romania blir karakteriserte som kjeltringar, bandittar og menneskehandlarar. Ukvemsorda om denne gruppa har hagla på nettet og i avisspaltene. 

Berre dei siste vekene har diskusjonen gått varm om gatefolk frå Romania, mykje grunna NRK Brennpunkt sin omdiskuterte dokumentar  "Lykkelandet". 

Åsne Valland Nordli har vore der dei færraste nordmenn har vore. Tett på gatefolket i Romania. Ho ser no eit større bilete. Ho har sett fattigdom så brutal at det er vanskeleg å fordøye. Ho har sett korleis menneske har kome seg ut av fattigdom og tigging ved at nokon hadde trua på dei som menneske. 

For som ung nybakt mor  flytta Åsne Valland Nordli til hamnebyen Constanta i Romania. Med trua på at det er mogleg å gjere ein forskjell, blei familien buande der i fem år. Dei arbeidde for å hjelpe fattigfolk, særleg gateborn.

Valland Nordli fortel i boka si eiga historie, ei historie om tru, mot og motgang. Me blir kjende med fattigfolka som blei dei nære vennene hennar, og som har endra henne for livet. Ho minner oss om at dei utstrekte, tiggande hendene alle høyrer til menneske med liv, draumar og historier som me i oljenasjonen ikkje har vondt av å høyre.

Boka har lanseringsdato 4. mai. 

Åsne Valland Nordli (f. 1975) kjem frå Norheimsund i Hardanger. Valland Nordli er profesjonell folkesongar. Ho har mellom anna spelt inn seks plater på plateselskap som ECM og Kirkelig Kulturverksted. I fem år budde ho i hamnebyen Constanta i Romania. Der arbeidde ho og ektemannen for Ungdom i oppdrag. Dei dreiv kristne humanitære prosjekt blant gatebarn.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO