Pressemelding -
Elena Ferrantes «Mi briljante venninne» toppar vekas bestseljarliste
«Mi briljante venninne» er første band i Ferrantes mykje omtalte Napoli-kvartett som handlar om venninnene Elena og Lila,som veks opp i Napoli etter 2. verdskrig.
Romanen sel no meir i Norge enn bøkene til dei største krimforfattarane.
"Ferrantes Napoli-kvartett er moderne romankunst på sitt beste. At «Mi briljante venninne» ligg på salstoppen seier det meste om norske lesarar", seier administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard.
Boka har no eit opplag på 25 000 eksemplar. Elena Ferrante er eit pseudonym og berre det italienske forlaget veit kven som skjuler seg bak namnet. Band II i Napoli-kvartetten, «Historia om det nye namnet»kjem på norsk i oktober.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.