Gå videre til innhold
Krimduoen Kroken & Kolden klar med "Frosten og døden"

Pressemelding -

Krimduoen Kroken & Kolden klar med "Frosten og døden"

Det røynde forfattarparet Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken er klar med si fjerde krimbok der handlinga er lagt til Gudbrandsdalen. I "Frosten og døden" jaktar etterforskarane Seljestad og Vold ein dristig og dyktig, men òg desperat gjerningsperson. Romanen handlar også om einsemda på bygda, om korleis eit menneske kan forsvinne inn i isolasjon sjølv om grannane bur berre nokre titals meter unna, i ei bygd der alle trur dei kjenner alle.

Det er den kaldaste vinteren på mange år i Lom. Folk held seg stort sett inne ved omnane. Berre frå eitt hus stig det ikkje røyk frå pipa. Der bur Agnes Skarstulen, ei merkeleg, eldre kvinne, mislikt og frykta i grannelaget.

Så blir Agnes funnen død i snøen, drepen. Smått om senn avdekkjer etterforskinga ei svært dramatisk livshistorie. Men er det der svara ligg? Saka tek ei ny, dramatisk vending da meisterkokken Arne Brimi finn eit nytt drapsoffer på BrimiBue, familierestauranten som ligg vegg i vegg med lensmannskontoret.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO