Gå videre til innhold
Kristin Auestad Danielsen aktuell med romanen "Vår vesle"

Pressemelding -

Kristin Auestad Danielsen aktuell med romanen "Vår vesle"

Mari er 30. Ho har tilsynelatande alt på stell. Likevel flyttar ho inn i kjellarleilegheita til foreldra etter studietida. Er livet blitt for mykje for henne? Er det tida som ikkje strekk til? Er det strevet etter perfeksjon eller er det ei manglande evne til å finne jamvekt i livet? Vår vesle er ein roman om å flytte heim, starte på nytt og om saknet etter det som aldri blei noko av.

Teaterversjonen av Vår vesle har urpremiere på Det Norske Teatret samtidig med at romanen kjem ut.

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyeri 2005, og har også skrive dei kritikarroste diktsamlingane Nynorsken (2007) og Merk mine ord, åleinemor (2012). Ho er utdanna ved forfattarstudiet i Tromsø og har tatt Dramatikeruddannelsen ved Aarhus Teater.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO