Gå videre til innhold
"M Train" av Patti Smith ute på norsk

Pressemelding -

"M Train" av Patti Smith ute på norsk

M Train av Patti Smith tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før.

Ho inviterer oss inn i sin New York-kvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt.

M Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår generasjons største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto. 

Til norsk ved Brit Bildøen.

Patti Smith (f.1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist. Tidlegare har Samlaget gitt ut bøkene hennar Just Kids og Sanka ull (Woolgathering) på norsk.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO