Gå videre til innhold
Napoliforfattar Wanda Marasco aktuell på norsk med "Kompaniet av dikta sjeler"

Pressemelding -

Napoliforfattar Wanda Marasco aktuell på norsk med "Kompaniet av dikta sjeler"

Den italienske, kritikarroste forfattaren Wanda Marasco er aktuell på norsk med romanen Kompaniet av dikta sjeler,  omsett av Ferrante-omsetjar Kristin Sørsdal.

Wanda Marasco kjem til Bergen og Oslo til lanseringa i perioden 27.-29.3.

Frå toppen av Capodimonte ser Rosa utover Napoli. Ho sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina, og snakkar til sjela hennar. For å lindre alle sår som har sett eit uutsletteleg preg på livet til dei begge, kallar ho fram historia til mora: Ungjenta Vincenzina drar frå ei fattig landsbygd, møter Rafele, son av ein fallen overklassefamilie. Ho giftar seg med han utan velsigninga til mor hans og flyttar til den fattige åsen i Napoli der Rosa veks opp.

Marasco tek oss med til eit kaotisk og brutalt Napoli. Kompaniet av dikta sjeler er ei forteljing om tre slektsledd kvinner, om overgrep, sjukdom, galskap og kjærleik, som beveger seg mellom livet og døden i ein by med ein nekropolis under brusteinane. Marasco vart kortlista til den prestisjetunge Strega-prisen både i 2015 og 2017. Sist gong for Kompaniet av dikta sjeler.

Wanda Marasco (f. 1953 i Napoli) er ein prisvinnande italiensk lyrikar, dramatikar og romanforfattar. Ho debuterte i 1977 med diktsamlinga Gli strumenti scordati («Ustemte instrument») og blei kjend som ei av Italias mest spennande nye litterære røyster. Ho gav ut den første romanen sin i 2003, L’arciere d’infanzia («Barndommens bogeskyttar»). Il genio dell’abbandono («Det geniale ved å bli forlaten») kom i 2015. "Kompaniet av dikta sjeler", kom på italiensk i 2017.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO