Pressemelding -
Ny barneroman om tidsreise til andre verdskrig
Røyset formidlar gjennom romanen historier ho sjølv fekk fortalt frå
krigen av bestemor si, slik at den nye generasjonen får eit innblikk i
kva krig inneber.
I boka Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen møter vi Dagny som gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Det blir verre
enn venta. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege
bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar.
Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og ho Rikka.
Boka passar for barn mellom 9 og 13.
Ingunn Røyset (f. 1965) jobbar som journalist. Ho
er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein
kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.