Gå videre til innhold
Foto: Jesse Dittmark
Foto: Jesse Dittmark

Pressemelding -

Ny bok av Patti Smith på norsk

I den nye boka "Om å skrive" (Devotion) fortel Patti Smith om sin eigen kreative prosess og om kva som inspirerer henne. Ho deler generøst med lesaren frå dei notata ho tek på kafeen eller på toget, og lèt oss få eit unikt innblikk i kunsten sin og skapinga si.

Smith tek lesaren med på  fleire reiser, mellom anna til Sør-Frankrike og Camus sin heim, og til forleggjaren Gallimard sin hage der vi møter gjenferda til Mishima, Nabokov og Genet. Smith oppsøkjer også Simone Weils grav på ein einsam kyrkjegard og tek oss med gjennom dei namnlause Paris-gatene i Patrick Modianos romanar. 

Omsett av Siw-Anita Kirketeig.

Smith (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO