Gå videre til innhold
Nynorsk barnelitteraturpris til Anna R. Folkestad for boka "Unni og Gunni reiser"

Pressemelding -

Nynorsk barnelitteraturpris til Anna R. Folkestad for boka "Unni og Gunni reiser"

Nynorsk barnelitteraturpris 2012 vert tildelt Anna R. Folkestad for boka Unni og Gunni reiser. Prisen er på 30 000 kroner og vert delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag (sperrefrist kl 14 i dag).

Juryen meiner at denne tilsynelatande enkle boka er eit viktig bidrag i norsk barnelitteratur gjennom måten den introduserer forteljande dikting for dei yngste lesarane på. 

Folkestad har til no skrive tre bøker om Unni og Gunni, og dei finns også appar.

Grunngjeving frå juryen:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2012 har skrive og illustrert ein ny biletbokserie for dei yngste lesarane som utgjer eit viktig bidrag innafor ein barnelitterær sjanger som lenge har vore prega av omsette bøker. Ved å skape kvalitetsbøker for små barn viser forfattaren at ho tek denne
lesargruppa på alvor, noko juryen meiner forfattaren skal ha heider for.

Med vinnarboka etablerer forfattaren eit særprega og tydeleg univers for dei yngste. Handlinga går føre seg i arktiske strok, med dei talande pingvinane Unni og Gunni som hovudpersonar. Desse karakterane er enkle, men likevel individualiserte, og den visuelle karakteriseringa framstiller også
pingvinane med eit visst kjensleregister. Slik framstår persongalleriet både oversiktleg og engasjerande for dei yngste lesarane.

Også dei andre bøkene og appane om Unni og Gunni stadfestar inntrykket frå vinnarboka om at prisvinnaren har greidd å skape eit barnebokunivers med stort potensial.

Det er Noregs Mållag som deler ut Nynorsk barnelitteraturpris. Noko dei har gjort sidan 1968. I juryen har site Anne Marit Godal, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret.  

For meir informasjon:  Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs mållag, 926 48 348  

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO