Gå videre til innhold
Sex, mord og cliffhangers i skarp satire om bokbransjen

Pressemelding -

Sex, mord og cliffhangers i skarp satire om bokbransjen

Atle Berge hadde i lenger tid gått rundt og irritert seg over at alle meinte at bøkene hans var rare og uforståelege. Berge bestemde seg for at nok var nok. No skulle han gi folk det dei tilsynelatande ville ha: sex, mord og cliffhangers.

I vår raste debatten om det enkelte meiner er ei kommersialisering av norske bokhandlarar. Atle Berge sin nye roman går rett inn i denne debatten.

– Etter å ha skrive to romanar der tenkemåten til hovudpersonane er viktigare enn action og framdrift, har eg fått mange spørsmål om eg ikkje snart skal ta meg saman og skrive ein kriminalroman, "eller noko Fifty Shades-aktig?", fortel Berge.

Då den andre romanen hans, Stockholmsyndromet, knapt vart omtalt av pressa og salet vart deretter, bestemde han seg for å køyre på med alle triksa til den meir kommersielle litteraturen i bok nummer tre.

- Etterkvart tok likevel interessa mi for ulike tenkemåtar over, og sjølv om Superpularen inneheld sex og mord, er nok dette først og fremst ein roman om ulike måtar å sjå verda på, held Berge fram.

I romanen har den kresne novelleforfattaren Aleksander Martinson oppnådd enorm suksess etter å ha gitt etter for marknadskreftene og skrive den erotiske kriminalromanen Superpularen. På same tid, i same by, skriv ein taxisjåfør ned alt passasjerane seier om Martinson og Superpularen. Sjåføren innser at han har nok historier til å skrive ei bok om Superpularen. Men under jakta på den siste avgjerande stemma, blir Martinson funne myrda, bunde til senga si, innsmurt i vaniljeis – og sjåføren blir mistenkt for mordet.

Superpularen er ein underhaldande satire om bokbransjen og ei oppmoding om å ta litteraturen på alvor. Den er eit portrett av ein kultur der nokre menneske snakkar og snakkar, mens andre aldri kjem til orde.

Boka har lanseringsdato 8. september.

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist. Berge skriv bøker for både barn og vaksne. Til dagleg jobbar han med litteraturformidling på Drammensbiblioteket.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO