Om å reparere eit vennskap og finne ut kven ein kan stole på – spennande ny bok i «På flukt»-serien frå Sunniva Relling Berg
Ny bok frå Sunniva Relling Berg. "Polarnatt" er tredje bok i "På flukt"-serien for ungdom
Ny bok frå Sunniva Relling Berg. "Polarnatt" er tredje bok i "På flukt"-serien for ungdom
Alf Helleviks mediemålpris for 2022 går til Vidar Eidhammer!Prisen vart delt ut som ei overrasking under eit fredagsmøte på NRK 5. mai 2023.
Juryen seier mellom anna følgande om Eidhammer:
"Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet skal leva
Alfred Fidjestøl får Samlagsprisen 2022 på kroner 50 000,– for forfattarskapen sin. Utdrag frå grunngivinga til juryen: "Alfred Fidjestøl er ein god forteljar som skriv forteljingar ein kan stole på. Han er systematisk og grundig, og han er solid og nyansert. Det er han anten han skriv om Per Sivle eller Georg Johannesen, anten han skriv om Det Norske Teatret eller apen Julius."
Jon Fosse er ein av fem på kortlista til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award i kategorien omsett skjønnlitteratur. Fosse er nominert for tredje band av Septologien VI-VII; Det nye namnet.
Romanen vart lansert i USA i fjor haust til svært gode meldingar.
Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen A New Name, og Damion Searls står bak omsettinga.
Les meir om nominasjonen he
Samlaget er glade for at regjeringa ser behovet for å oppretthalde støtta til nynorsk litteratur på omlag same nivå som for 2022.
Dette budsjettforslaget betyr at Samlaget og Minotenk kan vidareføre Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring på omlag same lest som i år. Vidare at den omfattande og ressurskrevjande satsinga på litteratur for barn og unge kan halde fram. Budsjettforsla
Tone E. Solheim er årets vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2021 for debutromanen Svarttrasta syng om natta.
Kari Stai er aktuell med den sjuande, og aller siste boka om Jakob og Neikob, Jakob og Neikob og tidsmaskinen.
Ny barnebok frå Anna R. Folkestad, Fiskebolleboksraketten, om eit byggeprosjekt litt utanom det vanlege.
Augustprisvinnande barnebok om døden og kjærleiken er klar for norske lesarar.
Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig og sjarmerande barnebok om å komme ut av skapet i ung alder, i ein religiøs familie i ei lita bygd på Vestlandet.
Barnebokforfattar Ingunn Thon er nominert til 2021 CILIP Carnegie Medal Prize for Ollis.
– Eg synast det er veldig stas. Spesielt å bli nominert i UK som er kjent for å ha så mykje fin barnelitteratur sjølv, seier Thon om nominasjonen, og legg til:
– Om eg tenkjer på Ollis som ein ekte person, som eg av og til gjer, blir eg stolt av ho. At reisa ho gir seg ut på betyr så mykje for engelske
Helene Guåker er nominert til Brageprisen i klassen for barne- og ungdomslitteratur med ungdomsromanen Høgspenning livsfare.
I juryens grunngiving står det mellom anna:
«Høgspenning livsfare handler om overgangene i livet, om kriser og om psykisk helse. [...] Med korte setninger og velvalgte ord formidler Helene Guåker kompliserte følelser både på og mellom linjene. Det er lett å lese, lett
Den tidlegare NRK-journalisten er aktuell med ny bok – og Bragenominasjon, om den ukjende spesialagenten Wilhelm Holst.
I grunngivinga frå juryen står det mellom anna:
«Denne medrivande forteljinga handlar om den ukjende norske motstandsmannen Wilhelm Holst. [...] Boka har vorte mykje meir enn ein biografi: I tillegg til jakta på det verkelege livet til ein agent som opererte i løynd, gir ho
Stavanger-teiknaren Neverdahl byr på norrøn mytologi i 2020-drakt i nytt teikneserieprosjekt.
Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ei hake ved dette: Den som
Eit underhaldande portrett av ein av våre mest radikale folkeopplysarar, som hadde seksualitet, openheit og kulturkamp på agendaen.
I Lars Berg: Rikspornograf og kulturforkjempar tek Gatland oss med på ei reise frå Lars Bergs oppvekst på fiskebåt i Tromsø, til eit tilvære som musikkglad lærar og grunnleggjar av Hålogaland teater, og mest sentralt: som forfattar i Oslos kulturradikale miljø. Med
Jakob og Neikob er tilbake! I Kari Stais fjerde bok, Jakob og Neikob Naboen, opplever dei to venene at ein heilt ny person flyttar inn ved sidan av dei.
23. august er svenske Nathalie Simonsson aktuell med "Verdas viktigaste bok" på norsk. Boka tar opp tema innanfor kropp, sex og kjensler, og er meint for barn frå 9 år og oppover.
Forfattaren Einar Økland får Språkprisen 2015. Kvart år deler Språkrådet ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Årets prisvinnar har ei sjeldan breidde og vinn prisen for dei to siste bøkene Norske malebøker og artikkelsamlinga Fotgjengar med fotnotar.
Bla i Samlagets katalog HER
Elena Ferrantes band 2 i Napoli-kvartetten, Historia om det nye namnet (omsett av Kristin Sørsdal), vert lansert 10. oktober. Ferrante har vore på første- og andreplass på den norske bestseljarlista sidan bok ein i serien, Mi briljante venninne, kom ut i mars. I oktober kjem også PJ Harveys nye bok Den opne handa (omsett av Pedro Carmona Alvarez og Gunhild Øyehaug).
Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2014 er Lars Mæhle med ungdomsboka Landet under isen. Dødeboka. "Mæhle har skrive ei rekke bøker for både barn, ungdom og vaksne innanfor ulike sjangrar. Juryen rettar merksemda mot den delen av forfattarskapen som rettar seg mot ungdom, og meiner at forfattaren skal ha heider for å ta dei unge som lesargruppe på alvor."