Pressemelding -

Trolltunga-Preikestolen ekspressen - ny bussrute sommaren 2015.

Veksten i besøk til Trolltunga, Preikestolen og Kjerag har vore formidabel dei siste åra. Mange av dei besøkande, både frå Noreg og utlandet ynskjer å få med seg desse attraksjonene på vestlandsturen. Tilbodet for dei som reiser kollektivt har vore dårleg mellom Hardanger og Lysefjorden, men det vil Tide gjere noko med til neste år. Det vert sett opp ei dagleg rute som går tur/retur Sørfjorden/Odda og Preikestolparkeringa/Forsand i juli og august 2015.

"Vi ser det er etterspurnad etter transport mellom Kjerag, Preikestolen og Trolltunga" seier Hege Sandtorv, direktør for marked og forretningsutvikling i Tide. "Vi har i dag ei bussrute mellom Stavanger og Øygardstøl, startplassen for turen til Kjerag, og har gode erfaringar med denne. Alt tyder på at grunnlaget for eit nytt dagleg tilbod i juli og august mellom Preiketolen og Trolltunga er tilstades." fortel Sandtorv vidare.

Det er stor vekst i tal turistar som vil gå ein eller fleire av dei tre "store" turane på Vestlandet. I 2014 var det 40.000 som gjekk til Trolltunga - ei dobling frå 2013. For Kjerag var det ei auke frå 32.000 i 2013 til 40.000 i 2014. Tilsvarande auke ved Preikestolen var fra 205.000 til 250.000.

Liv Jorunn Tjelmeland, dagleg leiar i Reisemål Ryfylke, er glad for det nye sambandet. "Vi ser eit mønster der mange har tatt turen til Noreg for å gå til desse tre fjellattraksjonane - det er 3 flotte turar, og tilbakemeldingane frå turistane er særs gode. At det no vert enklare å kombinera turane er veldig positivt".

Også hardingane set pris på det nye tilbodet. "Samla besøkstal for Trolltunga, Preikestolen og Kjerag var i år 330.000. Den nye ruta til Tide vert eit viktig tilbod i den vidare tilrettelegginga for desse turistmagnetane" seier Hans Jørgen Andersen, reiselivsdirektør i Hardanger.

Den nye ruta gjer det og mogleg å reise frå Stavanger, gå Preikestolen og reise vidare til Hardanger same dag. Du kan og reise frå Hardanger, gå til Preikestolen og reise vidare til Stavanger på ein dag.

Rutetider for Trolltunga-Preikestolen ekspressen 1. juli - 31. august 2015:

Hardanger → Ryfylke Ryfylke → Hardanger
06.55 Kinsarvik 07.10 Lofthus 07.40 Tyssedal

07.55 Odda

12.00 Tau ferjekai (til Stavanger)

12.30 Preikestolen parkering

14.20 Forsand ferjekai (til/frå Lysebotn)

14.20 Forsand ferjekai (til/frå Lysebotn) 14.45 Preikestolen parkering 19.15 Odda

19.45 Lofthus
20.00 Kinsarvik

Meir informasjon: www.TideReiser.no

Pris: Stavanger - Preikestolen - Hardanger: kr 595,-


Meir informasjon om Preikestolen, Kjerag og Trolltunga:www.visitryfylke.com www.hardangerfjord.com/no/Artikler/Trolltunga/

For spørsmål og kommentarar, ta kontakt medTide ASA, Hege Sandtorv, 400 07 822 Hege.Sandtorv@tide.no
Reisemål Ryfylke, Liv Jorunn Tjelmeland, 400 37 791 livj@ryfylke.com
Reisemål Hardanger Fjord, Hans Jørgen Andersen, 411 61 187 andersen@hardangerfjord.com

Emner

  • Transport

Kategorier

  • preikestolen
  • trolltunga
  • hardangerfjorden
  • lysefjorden
  • vandring
  • aktivitet
  • fjordnorge
  • fjelltur
  • sommerrute
  • bussrute
  • buss
  • transport

Tide Buss er et av Norges ledende kollektivselskap. Selskapet tilbyr turbussutleie, reiselivsprodukter og ekspressbusser i store deler av landet. Gode reiseopplevelser - hver dag!

Kontakter

Trine Stanghelle

Pressekontakt Produkt- og salgssjef fly- og ekspressbuss Flybussen og Ekspressbuss +47 93405512

Helene Myking

Pressekontakt Markedssjef/Marketing Manager Markedsføring og samarbeidsavtaler - tur og reiseliv +47 908 85 290