Gå videre til innhold
"10 ville ekspedisjonar" seld til Finland, Tsjekkia og Slovakia

Pressemelding -

"10 ville ekspedisjonar" seld til Finland, Tsjekkia og Slovakia

10 ville ekspedisjonar til det store utland! 

Rettane til faktaboka 10 ville ekspedisjonar er seld til Finland, Tsjekkia og Slovakia. Det kan agent Eirin Hagen i Hagen Agency fortelje. 

- Eg merker at fagbøker for barn-og ungdom er etterspurde mellom internasjonale forleggarar, seier Hagen. 

I Finland er det forlagshuset Arthouse som har kjøpt boka. Rettane til boka i Tsjekkia og Slovakia er det Albatros Media, Tsjekkias største forlagshus, som har kjøpt.

10 ville ekspedisjonar er også plukka ut som fokustittel av Norla. 

Boka er forfatta av Pia Strømstad og illustrert av Trond Bredesen. Dei synes det er stor stas at boka reiser ut i verda og får god mottaking. 

- Utroleg moro at boka når ut breitt. Eg trur dette er eit tema som treff barn-og unge over hele verda. Historiane sprenger jo bokstavelig talt alle grenser, seier Pia Strømstad. 

- Det er veldig inspirerande at norske, illustrerte faktabøker blir selde til andre land. At me kan komme inn på ein marknad som er dominert av store, ofte engelskspråklige forlag, held illustratør Trond Bredesen fram.

I 10 ville ekspedisjonar blir vi kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake.

10 ville ekspedisjonar fortel kunnskapsrikt og underhaldande om ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. Dette er historier som kan utfordre unge lesarar, og som dei også kan kjenne seg igjen i.

Pia Strømstad er journalist og har skrive fleire faktabøker for barn tidlegare, mellom anna om spøkelse, julenissen, olje og 17. mai. For boka Olje blei ho nominert til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomsbøker 2011, i kategorien for beste fagbok.

Trond Bredesen har jobba med illustrasjon for reklame, aviser og bøker. Han har mellom anna illustrert barnebokserien om kunstdetektivane av Bjørn Sortland og har fått fleire prisar for arbeida sine.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO