Skip to main content

12 nye lettlesbøker i Leseland-serien illustrert av 4 av Noregs fremste illustratørar

Pressemelding   •   jan 13, 2020 10:23 CET

12 nye "Visste du at"-bøker

No i januar lanserer Samlaget heile 12 nye Visste du at...?-bøker i lettlesserien Leseland. Bøkene er illustrert av dei fire prisvinnande og kritikarroste illustratørande Anna Fiske, Kristoffer Kjølberg, Hanne Sigbjørnsen og Anna R. Folkestad.  

I desse faktabøkene kan ein lese morosame og overraskande fakta om blod, bæsj, hår, bil, båt, fly, mark, mygg, maur, sushi, taco og godteri. Visste du til dømes at tacoen kom til Noreg i 1965, eller at det ville teke 6 månader å køyre bil til månen?

På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning på 5-10 ord, og bøkene er rikt illustrert med teikningar som står til teksten.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.