Gå videre til innhold
8 nye titlar inn i Leseland

Pressemelding -

8 nye titlar inn i Leseland

Det Norske Samlaget fyller på med 8 nye lettlesbøker i serien Leseland. 

- I haust er det nivå tre og fire som har fått etterlengta påfyll, med titlar som spenner vidt, frå ponnihistoriar og redningsaksjonar til forteljingar om vennskap og rakettar, fortel redaktør Elen Betanzo. 

- Og ikkje minst får vi møte den stakkars Heksa Galla som er livredd for barn. Og kva skal ho gjere med det, då? spør Betanzo. 

Leseland er ein serie med underhaldande og engasjerande lettlesbøker med ei god forteljing i sentrum. Bøkene er tilpassa barns interesser og lesekunnskap, og er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar. Serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå, og inneheld også faktabøker for nysgjerrige lesarar som liker artige og spennande fakta.

Les meir om årets titlar i Leseland og andre titlar i katalogen for 2018: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/_samlaget_katalog_2018_blai

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO