Gå videre til innhold
Alf Helleviks mediemålspris 2017 tildelt Sølve Rydland

Pressemelding -

Alf Helleviks mediemålspris 2017 tildelt Sølve Rydland

Alf Helleviks mediemålpris for 2017 er tildelt Sølve Rydland i NRK Hordaland.

Mediemålprisen går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.

Sølve Rydland er 33 år og kjem frå Knarvik utanfor Bergen. Han har sidan han gjekk på Nynorsk mediesenter i 2005/2006 vore knytt til NRK Hordaland. Fyrst som tilkallingsvikar i studietida og seinare journalist, kommentator, vaktsjef og reportasjeleiar.

Rydland er ein god og allsidig journalist. Nynorsken er stødig i alle situasjonar, og han er eit godt språkleg førebilete for kollegaer og lyttarar. Nynorsk , og spesielt normert talemål, er under press og Rydland bidreg til å dempe dette presset.

Frå i år er Rydland tilsett som digitalhistorieforteljar i NRK Hordaland og arbeider med fakta og dokumentar for nettpublisering. Her vert både tekst, lyd, bilete og video brukt. Når publiseringsformene endrar seg og smeltar saman vert det endå viktigare med gode nynorskbrukarar, både munnleg og skriftleg.

Nemnda som deler ut Alf Helleviks Mediemålpris er samansett av Sigvart Østrem, Inger Størseth Haarr og Magni Hjertenes Flyum. Tildelinga er samrøystes.

Prisen er på 25.000 kr og blir delt ut torsdag 27. april i Mariboes gate 13 i Oslo under årsmøtet til Det Norske Samlaget.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO