Skip to main content

Anders Totland aktuell med romanen Vintertonar - kan ein reparere ein knust familie?

Pressemelding   •   sep 16, 2019 09:30 CEST

I Vintertonar spør Anders Totland om ein kan reparere ein knust familie.

Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.

"Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?"

Anders Totland(f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. Vintertonarer hans første roman for vaksne. 

Frå mottakinga: 

Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome seg vidare, til å hjelp Isak, systera Rakel og faren saman, om det så er for ein siste gong. Vintertonar er ein sterk søknad om å bli hugsa langt ut over bokhausten.

Vidar Kvalshaug, BOK365⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

Vintertonarer ei lågmælt, sterk og tankevekkjande bok. Nåtida er konkret sansa og kjenslevart formidla i eit presist og levande språk. Boka viser at folk har heilt ulike minne av same fortid, og opnar opp eit mangfald av såra livserfaringar, men er heilt utan bastante svar.
Helge Torvund

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.