Gå videre til innhold
Annemarta Giske er tildelt Alf Hellviks mediemålpris 2015

Pressemelding -

Annemarta Giske er tildelt Alf Hellviks mediemålpris 2015

Annemarta Giske (38) er sportsanker i TV2 og får prisen for å vere ein språkmedviten journalist og nynorskbrukar gjennom alle sine år som journalist. Giske held på nynorsk i ein bokmålsdominert redaksjon, og innanfor eit stoffområde prega av bokmål og dialekt. Ho er eit viktig språkleg førebilete og brukar ein normert nynorsk både i opplesing og intervjusituasjonar.

Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Annemarta Giske er eit stødig sportsanker og gjer denne jobben på eit ledig og normert nynorsk. Giske er tydleg oppteken av språket og gjer den normerte nynorsken til sin eigen.

Giske kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, er utdanna journalist frå Høgskulen i Oslo og har arbeidd i TV2 sidan 2006.

Annemarta Giske får eit diplom og 25.000 kroner for sin nynorske innsats.

Nemnda som deler ut Alf Helleviks Mediemålpris er samansett av Sigvart Østrem, Inger Størseth Haarr og Magni Hjertenes Flyum. Tildelinga er samrøystes.

Det er Litteraturselskapet Det Norske Samlaget som administrerer prisen

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO