Gå videre til innhold
Arild Rein med ny bok om spøkelsesbyen Stavanger

Pressemelding -

Arild Rein med ny bok om spøkelsesbyen Stavanger

Ny, hardkokt spøkelsesforteljing frå forfattaren av Stavanger-trilogien. Arild Rein er mest kjend for sine kontroversielle og samfunnskritiske romanar frå Stavanger si kriminelle underverd. Med St. Olav-komplekset har han levert sin mest originale Stavanger-roman til no.

Fritz Hellman får brått ei melding om farens død. Det er 20 år sidan han såg både faren og barndomsbyen. Men no treng han pengar, og set seg på flyet for å få tak i si rettmessige arv. Men det skal vise seg at faren var ein heilt annan enn Hellman hadde trudd. Og heimbyen er som eit vrengjebilete av byen han vaks opp i. Hellman blir omringa av si mørke fortid, og i løpet av dette stadig meir draumeliknande opphaldet, der grensene mellom død og liv blir viska ut, prøver han å finne ut kva som skjedde med faren, og til slutt kva som er i ferd med å skje med han sjølv.

Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil.  Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO