Skip to main content

Arild Rein med ny roman frå Stavangers skuggeside

Pressemelding   •   jan 25, 2019 10:00 CET

I Rotteland tek Arild Rein oss med til Stavanger og finansverda. Vi nærmar oss finanskrisa i 2008 i eit forrykande tempo. Storinvestoren Frank Hammer utnyttar alt og alle rundt seg. Ronny har begynt å tene store pengar i firmaet hans. I den illegale strippeklubben som Hammer, Ronny og kollegaene hans i St. Olav Invest frekventerer, arbeider Nadia som dansar. Nadia og Ronny vekslar på å føre ordet i ein roman som gir oss innblikk i finansverda i Noreg på tidleg 2000-tal, ei nesten uverkeleg verd som er integrert i den norske kvardagen. Kor lenge kan Nadia halde ut livet ho lever, og kor lenge kan oppturen til Ronny vare?

Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.