Gå videre til innhold
Boka om Lothepus kjem i september

Pressemelding -

Boka om Lothepus kjem i september

Samlaget lanserer boka om Lothepus i slutten av september. Finn Tokvam er forfattar.

«Går det til helvete, så går det til helvete!»

«La kvinnfolk vere kvinnfolk, og mannfolk vere mannfolk.»

«Det går viss du er tøff nok i trynet. Alt går!»

Leif-Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til.

Over ein million følgde med da Lothepus vann realityserien Farmen kjendis vinteren 2017.

Men kven er han? Eit ekte mannfolk. Ein helt. Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn. Ein snill og hjelpsam mann. Ein som gir fan. Ein tulling. Eit geni? Journalist og forfattar Finn Tokvam skal ha mange samtalar med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet blir ei bok med røverhistorier og private foto frå ein sann eventyrar.

I boka fortel han om den gongen han flykta frå politiet på hesten sin. Lothepus har sjekka damer med dumper fordi han ikkje fekk moped. Han har leigd sjøfly frå reinsjakt på Vidda for å gå på pub i Bergen. Men han har også opplevd alvor og tunge stunder, som tapet av broren i ung alder.

-Lothepus er litt av ein type. Ein fantastisk historieforteljar med eit spannade liv og glimt i augo. Vi gler oss vilt til å gi ut boka om Noregs mest sjarmerande vestlandscowboy, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO