Gå videre til innhold
Celestine av Olga Ravn no omsett til norsk

Pressemelding -

Celestine av Olga Ravn no omsett til norsk

Celestine er ein gåtefull, lyrisk og fortetta roman, der vi møter ei ung lærarinne som flyttar til bygda for å undervise på ein kostskule, samstundes som ho kjempar ein indre kamp med den kaotiske barndommen sin. Med seg har ho kjærasten Kim, men relasjonen mellom dei går det heller dårleg med. Kostskulen var tidlegare eit slott, og lærarinna blir oppslukt av historia om spøkelset Celestine, som skal ha blitt mura inne i veggene. Snart byrjar lærarinna sjølv å vandre rundt i gangane om natta, iført ein kvit kjole, heimsøkt også av spøkelsa frå si eiga fortid som skilsmissebarn.

Boka er omsett av Inger Bråtveit.

Olga Ravn (f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar, forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng (til norsk ved Inger Bråtveit i 2016). I 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, den første romanen hennar, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose.

Olga Ravn har også gjendikta Ann Jäderlund og Sylvia Plath (med Mette Moestrup) til dansk.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO