Gå videre til innhold
Den svenskfinske kultforfattaren Willy Kyrklund endeleg på norsk

Pressemelding -

Den svenskfinske kultforfattaren Willy Kyrklund endeleg på norsk

Den svenskfinske kultforfattaren Willy Kyrklund (1921 – 2009) er blitt kalla det vesle formatets store meister. Med Polyfem forvandla (1964) og Meisteren Ma (1953) står Kyrklund på si høgd som forfattar, og med denne dobbeltutgivinga blir desse bøkene for første gong tilgjenglege på norsk. Bøkene er omsette av Gunstein Bakke, som også har skrive eit etterord.

Polyfem forvandla er ved sida av Solange og Meisteren Ma Willy Kyrklunds mest kjende verk. Romanen er ein montasje av korte prosastykke der både greske mytar, fablar og folkedikting, hinduistisk tradisjon og visepastisjar blir tatt i bruk.

Polyfem, som vi møter i bokas første tekst, er kyklopen som hos Homer blir rundlurt av Odyssevs, og som no sit og ventar på at Ingen skal komme attende. Språket er poetisk, sekvensane både komplekse og djupt humoristiske. Dette er ein svimlande roman, ein av nordisk litteraturs vakraste, som ber om å bli lesen igjen og igjen.

Meisteren Ma er ein kinesisk vismann og tidlegare røvar frå eit fortidig dynasti. Meisterens ytringar blir fortløpande kommenterte av dei to andre karakterane i boka, den jordnære kona Yao og den saklege tørrpinnen Li. Dei tre stemmene flettar saman ei heilt original forteljing. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO