Skip to main content

"Det gode vi ikkje gjer" - ny sterk roman frå Ragnhild Kolden

Pressemelding   •   feb 15, 2017 14:30 CET

Selma Salingers rutineprega liv blir snudd på hovudet då Paul Lund flyttar attende til bygda. Ein gong skulda ho Paul for eit alvorleg brotsverk, men han blei frikjend. Det vonde frå den gongen tek igjen overhand i livet til Selma, og ho går drastisk til verks for å gjere opp for fortidas urett. Men er Selmas versjon av kva som skjedde, den rette? Og viss ikkje, kva følgjer får det for henne sjølv, for dottera og for ektemannen?

- Vi ber alle med oss så ymse erfaringar, både gode og vonde. Selma har fått sin rikelege del, og det pregar hennar måte å møte verda på - skepsisen hennar til andre menneske, flukta bort frå det vanskelege og krevjande, klamringa til tryggleiken i rutinene, seier Ragnhild Kolden om Selma.

Det gode vi ikkje gjerer Ragnhild Koldens fjerde roman. Den låner element frå både kriminalromanen og den psykologiske thrilleren, og er ei sterk historie om fornekting, unnlatingssynder, svik og skuld.

Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho har tidlegare gitt ut ein kritikarrost romantrilogi om andre verdskrigen og etterkrigsåra, og skriv kriminalromanar som del av forfattarparet Kroken & Kolden.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar