Skip to main content

Det mest omfattande etternamnleksikonet i Norden er no oppdatert!

Pressemelding   •   jan 23, 2017 09:00 CET

Norsk etternamnleksikon er no revidert etter 20 års bruk, fagleg oppdatert og utvida. Den nye utgåva inneheld 2000 fleire etternamn enn den første utgåva og innvandrarnamn har kome med.

Vietnamesiske Nguyen er no på 51 plass over dei mest vanlege norske etternamna, og Mohamed på 134 plass. Men øverst på lista tronar framleis Hansen framfor Johansen og Olsen, sjølv om det har blitt registrert noko nedgang i personar som har Hansen som etternamn dei siste 20 åra.

Nedgangen i sen-namna kjem mellom anna av at sen- namna er meir anonyme og har liten identifikasjonseffekt, meiner redaktør for leksikonet Olav Veka.

- Dei er så vanlege at folk vil heller bli knytte til meir spesielle namn, namn som skil seg ut i den store mengda. Etternamn av gardsnamn er meir særprega og seier noko om opphav, slekt, geografisk tilknyting. I Noreg har denne namnetypen meir prestisje og folk kjenner gardsnamn som ein 'naturleg' og 'norsk' type som særleg seier noko om slekt og kvar garden ligg, fortel Veka.

Kjende namn, historiske namn, uvanlege namn og namn som er språkleg og kulturelt interessante, er omtalte endå om dei har færre enn 25 berarar. Eigne fagfolk har skrive om samiske og finske etternamn. Norsk etternamnleksikon er ei uunnverleg handbok for alle namneinteresserte, og er nyttig for slektsgranskarar.

Kontaktinformasjon til Olav Veka: 

epost: olav.veka@gmail.com

mobil: 90985897

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar