Gå videre til innhold
Einar Økland gir ut ny dikstamling: "Sykling i søvne"

Pressemelding -

Einar Økland gir ut ny dikstamling: "Sykling i søvne"

Den nye diktsamlinga til Einar Økland snakkar ikkje berre om livet, men også om korleis ein kan snakke om det – når ein sjonglerer med det alvorlege, det humoristiske, det absurde, det attkjennelege og det overraskande. Når vi dykkar ned i dikta, treffer dei både kropp og tanke med rare trykk.

Boka er tredelt og inneheld «Idyllar» (utan å alltid vere like idyllisk), «Erindringar» (som like gjerne kan vere frampeik) og «Formidlingar» (som balanserer sosialt mellom visdom og dårskap).

Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006. Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. I samband med 70-årsfeiringa i 2010 ga Samlaget ut antologien Skriftfest, der Økland blei hylla av forfattarkollegaer som Kjartan Fløgstad, Dag Solstad, Eldrid Lunden, Paal-Helge Haugen, Jan Erik Vold, Ragnar Hovland. Han er sannsynlegvis den einaste norske forfattaren som bur i ein veg kalt opp etter seg sjølv: Einar Øklands veg i Sveio.

Kontaktinfo til Økland:
E-post:
einaro@online.no
Tlf:
90108673

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO