Gå videre til innhold
Elena Ferrante blir fast spaltist i Guardian Weekend Magazine!

Pressemelding -

Elena Ferrante blir fast spaltist i Guardian Weekend Magazine!

Den suksessfulle forfattaren bak Napoli-kvartetten seier ho vart freista til å utfordre seg sjølv med den ”motige, angstfulle oppgåva” det er å skrive på fast basis for helgemagasinet til avisa.

Spalta blir den første faste spalta som den mystiske forfattaren skriv.

- Eg er svært begeistra over å få jobbe med Elena Ferrante og hennar første avisspalte. Eg kan nesten ikkje vente med å sjå kor ho vil ta oss med, uttaler Melissa Denes, redaktør for Guardian Weekend magazine til www.theguardian.com.

I spalta vil Ferrante, ifølgje avisa, dele sine tankar om tema som barndom, alderdom, kjønn og kjærleik. Spalta vil bli omsett av hennar faste engelskspråklege omsetjar Ann Goldstein.

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante

Det Norske Samlaget gir ut Elena Ferrante sine bøker i Norge, og Ferrante-porteføljen blir no komplett på norsk med Kvelande kjærleik som kjem i midten av februar.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO