Gå videre til innhold
Elena Ferrantes Napoli-kvartett blir tv-serie

Pressemelding -

Elena Ferrantes Napoli-kvartett blir tv-serie

Dei italienske produksjonsselskapa Fandango og Wildside står bak serien, og  Elena Ferrante er sjølv involvert i produksjonen. Fandango har tidligare produsert tv-serien som er basert på Roberto Savianos bok Gomorrah. Det er enno ikkje kjent når tv-serien vil ha premiere. 

-Dette er romanar som bed om å bli filmatiserte. Den sterke historia, miljøskildringane og dei særs interessante karakterane gjer Napoli-kvartetten godt eigna til TV-serie. Vi gler oss stort til å sjå resultatet, seier forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog.

Dei fire bøkene i Napoli-kvartetten har blitt bestseljarar verda over, og skildrar vennskapen mellom to kvinner gjennom 50 år. Bøkene er også forteljinga om framveksten av det moderne Italia. I Noreg gjer serien det også sterkt, både på bestseljarlista og blant kritikarane. Dei to første i serien kom på norsk i fjor, Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet. Den tredje boken i serien, Dei som flyktar og dei som blir vert lansert 11.3. og den fjerde og siste boka kjem i oktober. Serien er omsett til norsk av Kristin Sørsdal

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO