Skip to main content

Erica Löfström debuterer med romanen "Sex, musikk og vold"

Pressemelding   •   aug 21, 2013 09:00 CEST

Sex, musikk og vold er ei skildring av ei ung, sårbar kvinne si omsynslause ferd gjennom helvete. Skildringa er sterk og overtydande og gir innblikk i eit ungt sinn som er vikla inn i destruktive og nedbrytande handlingsmønster.

Beatrice er rotlaus, einsam, seksuell utprøvande og eteforstyrra. Og ho hatar. Mest av alt hatar ho
seg sjølv. Dette unge mennesket ber på ei destruktiv kraft. Til no har svart humor og eit skarpt og avslørande blikk på både seg sjølv og verda redda ho frå undergang. Beatrice flyg inn i ein tilstand der grenser blir stadig meir perifere. Ei verd ho kan halde ut. Ei verd der ho kan flyga frå skulda, frå seg
sjølv. Ei verd av sex, musikk og vold.

Erica Löfström (f. 1978) er frå Sverige, men bur og arbeider i Trondheim.

 "Aldri før har jeg lest en bok, skjønnlitterær eller sakprosa, som kommer så tett, ja, under huden, på et menneske med mentale lidelser."

Fartein Horgar, Adresseavisen

 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar