Skip to main content

Forfattar Rolf Sagen har gått bort

Pressemelding   •   apr 06, 2017 14:37 CEST

Forfattaren Rolf Sagen (f. 1940) gjekk bort i dag 6. april.

I tillegg til ei omfattande forfattargjerning grunnla Rolf Sagen Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og arbeidde som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007. Ein stor del av dei etablerte forfattarane i Noreg har dermed mykje å takke han for.

Sagen var fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp i Sykkylven. Han utdanna seg til psykolog, men valde bort eit yrkesliv til fordel for livet som forfattar. Sagen fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris då han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1968. Han markerte seg som ein sentral norsk forfattar i 1970-åra, og var tidleg ute med å eksperimentere med dokumentarstoff i skrivinga si, som t.d. i collagen Kvengedal (1970), og Mercedesryttaren (1988) som byggjer på Sagens eigne opplevingar som deltakande observatør til politivaldsaka i Bergen.

Eit kommersielt gjennombrot fekk han med romanen Mørkets gjerninger (1976). For denne fekk han Kritikarprisen, og i tillegg til å skaffe han fleire lesarar blei det også laga fjernsynsfilm på grunnlag av romanen.

Den viltre og morosame Springfart ved fjorden (1986) er av mange rekna som ein kultroman. Det er ei forteljing om eit samfunn bortanfor tid og rom, med eit myldrande persongalleri, full av humor, satire og burleske innfall som bestialske mordforsøk, blodskam og sodomi. Dette eineståande universet viser at Sagen også var ein stor humorist.

Lyden av vatn kom i 1990, og blir av fleire rekna som Sagens beste bok. Handlinga går føre seg i eit draumelandskap og fortel korleis ein person i vår tid kjempar for å finne seg sjølv. Ein kan finne tematiske likskapar til Lyden av vatn i fleire av Sagens seinare bøker, som i dei fine novellesamlingane Blendverk (1998) og Reisa til D. (2002), og i romanen Skog (2004). Her skaper Sagen igjen eit gåtefullt og draumeaktig univers, der tid, identitet og framandkjensle er viktige stikkord. I Kraftverk (2007) tek Sagen utgangspunkt i sine eigne gamle dagbøker, medan Lommehunden frå Ribo (2008) er ein etterlengta oppfølgjar til Springfart ved fjorden. Den siste boka Sagen gav ut var MS Liv i 2015. Ei loggbok frå ein båttur frå Nordvestlandet til Oslo er bakgrunnen for denne lyriske kortromanen. Den aldrande forfattaren møter seg sjølv som ung i denne vakre avslutninga på eit særeige forfattarskap i Norsk litteraturhistorie. Sagen har kanskje meir enn nokon andre fanga Vestlandet i skrivinga si.

-Sagen var gjennom fleire tiår ein sentral forfattar på Det Norske Samlaget. Vi er han stor takk skuldig og lyser fred over minnet hans, seier forlagsdirektør i Samlaget, Edmund Austigard.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy