Gå videre til innhold
"Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut på engelsk

Pressemelding -

"Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut på engelsk

Agnes Ravatns gjennombrotsroman «Fugletribunalet» frå 2013 er selt til det engelske forlaget Orenda Books. Forleggaren, Karen Sullivan, seier om boka at ho er  «svært gripande og ein intens litterær thriller», og at «dette er ein roman som vil trekke til seg ein brei lesarkrets». Den engelske omsettinga vil bli lansert våren 2016, og distribuert også i USA, Canada og Australia. Tidligare er romanen selt til Tyskland og Russland. Det var god interesse for «Fugletribunalet» på bokmessa i London i år, opplysar Hagen Agency, som reknar med fleire utanlandske forlag vil sikre seg rettane til boka.

"Fugletribunalet" fekk strålande meldingar då ho kom ut i 2013. Ravatn fekk P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen for boka. Boka sel framleis svært bra og har eit opplag på 22 000. "Fugletribunalet" er også dramatisert og vert spelt på Det Norske Teatret denne våren.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO