Gå videre til innhold
Handboka: Alt du vil vite om hendene dine og litt til

Pressemelding -

Handboka: Alt du vil vite om hendene dine og litt til

Hendene dine er eit resultat av ei utvikling over milliardar av år. Biologen Åsmund Eikenes tek oss frå ursuppa og fram til hendene dine. Kvifor er hendene som dei er? Korleis fungerer dei, og korleis samtaler dei med hjernen? Korleis beskyttar huda oss mot farlege bakteriar og virus? Og kva om vi kuttar av oss ein finger, kan det i framtida vere mogleg å produsere ein ny i laboratoriet?

- Hendene fascinerer meg fordi dei symboliserer utviklinga fram mot det moderne mennesket, seier Eikenes. Dei er symbol på både moderne menneske og innhaldsrik biologi. Hendene er reiskap vi nyttar kvar dag, både til praktisk arbeid og ikkje minst i kommunikasjon med verda rundt oss. Samstundes er hendene er samansett av millionar av ulike celler, og dei er også heim for talrike mikroorganismar held Eikenes fram.

Åsmund Eikenes fortel i denne boka ei rekkje engasjerande historier om ny vitskap, medisinske gjennombrot og fascinerande oppdagingar, alt med utgangspunkt i hendene dine. Boka er ei oppdagingsferd i biologien, ei reise bakover i tid, innover i kroppen og framover mot neste vitskaplege gjennombrot. 

Du får også bli kjend med dine eigne hender gjennom observasjonar og små eksperiment.

Handboka er vald som ein av NORLA (senter for norsk litteratur i utlandet) sine fokustitlar. 

Boka lanserast torsdag 8.september på MatNat biblioteket på Blinderen kl. 16.00. Sjå Facebook for meir informasjon: https://www.facebook.com/events/175294336214012/

Åsmund Husabø Eikenes (f. 1986) har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og er ein engasjert forskingsformidlar. Eikenes er frå Leikanger i Sogn, men bur i Oslo. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO