Skip to main content

Ny barnebok frå Harald Nortun: Korleis er det eigentleg å vere det motsette kjønn?

Pressemelding   •   mar 16, 2015 09:00 CET

Tvillingane Amund og Amanda skal på ferie til besteforeldra på Sørlandet. På toget finn dei ut at dei vil bytte namn og klede. Amund skal bli Amanda, og Amanda skal bli Amund. Guten skal bli jente, og jenta skal bli gut. Dei skal late som dei er kvarandre, eit eksperiment som berre skal vare ein kveld. Men så får dei uventa besøk som ikkje gjennomskodar spøken, og då blir det vanskeleg å byte tilbake… Amund og Amanda kjem opp i mange utfordrande situasjonar i sine nye (kjønns)roller. Harald Nortun tek i boka "Eksperimentet" for seg eit tema som opptar mange barn. Korleis er det eigentleg å vere det motsette kjønn?

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. Nortun er busett i Trondheim.

Kontaktinformasjon til Nortun:
E-postharaldnortun@live.no
Tlf:  97509172

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.