Skip to main content

Instagram-fenomenet Ida Skivenes på toppliste over dei mest kreative businessfolk i verda

Pressemelding   •   mai 15, 2014 11:05 CEST

Det amerikanske bladet Fast Company har laga ei toppliste over dei mest kreative businessfolka i verda. Blant namn som Jerry Seinfeld og toppsjefar i Google, Starbucks og Lego, finn ein Ida Skivenes på 82. plass. Skivenes er kjent som idafrosk på Instagram og ga ut boka Leik med maten på Samlaget i fjor haust. Boka kom ut samstundes i ei engelsk utgåve, Eat your Art out.

Skivenes deler matglede og kreativer frukostar med over 200 000 følgarar frå heile verda på Instagram. Med enkle grep gjer ho ei vanleg brødskive til eit lite kunstverk. Skivenes lager alt frå isbjørngraut, ape-pannekaker og brødskive med Munch-motiv til frukostvariantar av  Big Ben, Taj Mahal og Oslo rådhus.

- Eg er veldig glad og overraska over å bli inkludert i eit slikt imponerande selskap av kreative folk, seier Skivenes som no bur i Berlin, og har permisjon frå jobben i Statistisk sentralbyrå for å leve av matkunsten på heiltid.

Meir på www.fastcompany.com/section/most-creative-people-2014




Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar